Hopp til innhald

Bernadett Bódi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernadett Bódi


Statsborgarskap Ungarn
Fødd 9. mars 1986 (38 år)
Szeged
Idrett handball
Tok del i Håndball under Sommer-OL 2008, Handball-VM 2017 for kvinner

Bernadett Bódi (fødd 9. mars 1986 er ein ungarsk handballspelar frå Szeged. Ho er firfaldig vinnar av EHF-meisterligaen med Győri ETO og bronsemedaljør med Ungarn frå Handball-EM 2012. Bódi er høgre kantspelar.

Frå 2002 spelte Bódi på Győri ETO, ein klubb som i 2005 vart nasjonal seriemeister for fyrste gong på 46 år. I 2007 flytta ho til det danske topplaget Randers HK. Etter to sesongar i Danmark returnerte ho til Ungarn, åra frå 2009 til 2013 var ho etter tur aktiv i Békéscsabai Előre, Siófok KC og Dunaújvárosi Kohász. Perioden 2013-20 spelte ho atter for Győri ETO, og med dette laget vann ho EHF-meisterligaen i 2014, 2017, 2018 og 2019.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Bódi deltok i tida 2005-18 i 141 av Ungarns landskampar og skåra 263 mål. Ho deltok i Sommar-OL 2008, Handball-VM 2009 og europameisterskapa 2010 og 2012. I den sistnemnde turneringa var ho med om slå Serbia 41-38 i bronsefinalen.